Temakveld i Lykling kyrkje
Temakveld i Lykling kyrkje

Det vart ein tankevekkjande kveld i Lykling kyrkje. 

Det var nesten fullsett sal i Lykling kyrkje tysdag 18. september på den første temakvelden for hausten. Sokneprest Roald Drønen hadde invitert Kristian Eidesvik til samtale om livet og dei store spørsmåla mellom himmel og jord.

Me fekk høyra om oppveksten Kristian hadde i Eidesvik på Bømlo, og vidare korleis han begynte arbeidslivet sitt.

Eidesvik er ein samfunnsengasjert mann, og me fekk innblikk i kor viktig han syns det er å ta vare på dei menneska som har kome skeivt ut i livet. Det verkar som om det er svært meiningsfullt for han å få vera med og gjera ein forskjell, slik at andre menneske skal få det godt. 

Det var flott å få sitja i salen og høyra om tankane Eidesvik har om livet.  Han fortalde at han syns dei ti boda er fine levereglar å ha med seg i livet, og han reflekterte over at om me klarar å følgja dei, kan det gå godt for mange.

I løpet av kvelden fekk me høyra Reidar Larsen spela og syngja. Han song både ein av sine eigne songar, og ein song Kristian Eidesvik hadde ynskt. Veldig flott å høyra han også.

 

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando