Udeling av 4-årsbok
Udeling av 4-årsbok

Vel møtt til familiegudstenester med utdeling av 4-årsbok no i oktober.

To søndagar i oktober skal det vera familiegudstenester i kyrkjene på Bømlo. På desse familiegudstenestene deler me ut ”Mi kyrkjebok 4” til alle 4-åringar. 

Mi kyrkjebok 4 er ei fin bok som me håpar både barn og vaksne vil lika. I boka er det bibelforteljingar, varierte kunstbilete, songar, salmar og enkle liturgiske ord og uttrykk. Det er også ein teikneserie om Bo og Nora som er med og gjer boka meir kvardagsleg og sanseleg.

Dei som vert 4 år i 2018 og som er medlemmer eller tilhøyrande (mor eller far er medlem) i Den norske kyrkja, har fått invitasjon i posten. Dersom du ikkje har fått invitasjon, men ønskjer å motta Mi kyrkjebok 4, er du like velkomen til kyrkja på desse gudstenestene.

 

I Bremnes og Bømlo sokn er 4-åringane også velkomne til førsamling med søndagsskuleopplegg laurdag før.

Bømlo bedehus: laurdag 20. oktober kl.12.00

Bremnes kyrkje: laurdag 27. oktober kl.11.00

Dei som høyrer til Lykling sokn er velkomne til Sprell levande og Minisprell på Finnås bedehus fredag 19. oktober kl. 17.30

 

Tidspunkt familegudstenester med utdeling av 4-årsbok:

Lykling kyrkje:    søndag 21. oktober kl. 11.00

Moster kyrkje:    søndag 21. oktober kl. 11.00

Bremnes kyrkje: søndag  28. oktober kl. 11.00

Bømlo kyrkje:     søndag  28. oktober kl. 11.00

 

Vel møtt til gudsteneste både store og små

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando