Orgelmusikk og aftansong i Bremnes kyrkje
Orgelmusikk og aftansong i Bremnes kyrkje

Velkommen til orgelmusikk og aftansong ved Jostein Molde og Bremnes kantori. 

Jostein Molde og Bremnes kantori

i Bremnes kyrkje søndag 28.oktober kl.18.00

Det er orgelmusikk som vil fylle det meste av programmet ved denne samlinga på bots- og bønedag. Jostein Molde har sett saman eit knippe med orgelstykke av ulik karakter. Det startar kraftfullt med ein sonate av Mendelssohn, der bots- og bønedagstonen «Av dypest nød jeg rope må» er ein viktig byggjestein. Vidare følgjer orgelkoralar og kortare stykke frå siste del av den epoken som blir kalla romantikken, før avdelinga blir runda av med jublande  musikk av Johann Sebastian Bach.

 

Bremnes kantori vil så ta oppstilling framme for å leie kyrkjelyden gjennom ein aftansong med fleire korinnslag av mindre format. Det gjennomgåande temaet her vil vere tillit og tryggleik.

 

Bremnes kantori er inne i sitt siste halvår under Jostein Molde si leiing, med 36 syngjande medlemer og normal aktivitet. 

  Kommentarer


13. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando