TRu:D10 Jubileum for dåp
 


TRu:D10 Jubileum for dåp
TRu:D10 Jubileum for dåp

I haust har me hatt fine samlingar med 10-åringar i alle dei fire kyrkjene våre.

Kvar haust inviterer me i kyrkja alle 10-åringar til trusopplæringstilbodet Jubileum for dåp. Då vil me feira at det for mange av barna er ca. 10 år sidan dei vart døypte.

Ein dag i første veka i oktober laga me til stor bursdagsfest i alle kyrkjene våre. Først hadde me ei samling der me snakka om dåpen, og kva gåver me får frå Gud i dåpen og me song ein dåpssalme saman.

Når det var «bursdagsfeiring» måtte me ha bursdagsmat og bursdagsleikar. Me hadde laga til flott festbord, og menyen var pølser med brød og raud gele til dessert!

I siste samlinga for kvelden snakka me saman om namna våre, kva for tyding dei har, og etter kvart om Jesus sitt namn, og forteljinga om Jesu dåp.

Ingen bursdagsfeiring utan gåver. Alle barna fekk til slutt kvar sin teikneseriebibel. Håpar den vert flittig brukt rundt om i heimane.

Takk til alle 10-åringane som kom på Tru:D10 Jubileum for dåp!

 

 

 

 

 

 

 

 

  Kommentarer


10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando