Pusterom med tonar og ord i Bremnes kyrkje
Pusterom med tonar og ord i Bremnes kyrkje

Velkommen til temakvelden «Når tonar og ord møtest» søndag 18. november kl.19.00

Søndag 18. november kl 19:00 inviterer Bremnes sokneråd til temakvelden «Når tonar og ord møtest» i Bremnes kyrkje.

 

Til denne temakvelden har Kari Bolette Lundal henta fram tekstar frå Bibelen og Norsk salmebok som ho vil framføra. Her er både kjende og mindre kjende tekstar som kastar lys over ulike sider ved Gud, livet og trua.

 

Barbro Høyland Andersen på tverrfløyte og Bjarte Aadland på piano vil, i veksling med desse tekstane, framføra ei rekkje utvalde stykke for fløyte og piano av komponistane Ravel og Debussy. Både Ravel og Debussy høyrer til innanfor fransk impresjonisme, som hadde si blømingstid tidleg på 1900-talet. Dette er stemningsfull, klassisk musikk med eit spennande og vakkert klangbilete.

 

Tanken er å skapa eit møte mellom ord og tonar som gir rom for ettertanke. Me lever i ei travel tid, og med denne temakvelden ønsker me å gi dei som kjem eit pusterom. Det kan vera godt å få setja seg ned, lytta, ta imot og finna roen.

 

Det vert billettsal ved inngangen.

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando