Tru:D11 LysVaken 2018
Tru:D11 LysVaken 2018

No er det snart tid for LysVaken med overnatting i kyrkja for 11-åringar.

Har du ein 11-åring i hus, eller ein som fyller 11 år i år? No i november har me sendt ut invitasjon til alle 11-åringar i Bremnes, Bømlo og Moster sokn om LysVaken. 

Arrangementet går føre seg i heile Noreg og er ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja. LysVaken handlar om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss. Me skal vera lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve. Me skal høyra bibelforteljingar, leika, bli kjende med kvarandre, syngja i lag, eta god mat, og sist men ikkje minst overnatta i kyrkja.

 

Her er datoane for Tru:D 11 LyVaken 2018:

Bremnes kyrkje 10. - 11. november

Bømlo kyrkje 10. - 11. november

Moster kyrkje 17. og 18. november

I Lykling kyrkje vert det ikkje LysVaken i 2018.         

2007-kullet i Lykling vert invitert til LysVaken saman med 2008-kullet i 2019.

 

Me gler oss til å møta mange 11-åringar i kyrkjene våre desse helgane. 

 

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando