Kjekk julevandring for barnehagane
 


Kjekk julevandring for barnehagane
Kjekk julevandring for barnehagane

10. desember var det julevandring i Bremnes kyrkje.

Dei siste åra har me hatt julevandring for barnehagane ein dag i desember. Måndag 10. desember var dagen då me hadde invitert barnehagane til å komma. Veldig kjekt at alle dei fire barnehagane i Bremnesområdet hadde meldt seg på til vandringa.

Utføre kyrkja vart barna møtte av ein gjetar. Han fortalde barna om kva gjetarane opplevde den aller første julenatta. Vel inne i våpenhuset sat manntalsføraren klar, og skreiv alle inn i bokrullen sin. Vidare fekk barna høyra om englane som kom til gjetarane, og manntalsføraren sa at barna måtte gå vidare og sjå om dei kunne finna den store stjerna. Då barna kom inn i kyrkjerommet fekk dei høyra om vismenna som hadde sett ei ny stjerna på himmelen, og barna fekk sjå og kjenna på gåvene vismenna skulle ha med seg til den nye kongen. Tre barn frå kvar gruppe fekk på seg kappe og krone slik at dei kunne vera vismenn og finna vegen fram til den nye kongen. Dei fann den nye stjerna over stallen, og leia dei andre barna vidare fram til stallen heilt framme i kyrkja. Der sat Maria og Josef i stallen, saman med det vesle barnet i krubba. Vismenna bar fram gåvene dei hadde med, og til slutt song alle Et barn er født i Betlehem, før det var tid for å vandra tilbake til barnehagen att.

Her er bilete frå stasjonane:

 

 

 

 

  Kommentarer


10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando