Julekonsertar i kyrkjene 16. desember
Julekonsertar i kyrkjene 16. desember

Velkommen til julekonsertane i kyrkjene våre 3. søndag i advent.

Moster kl.16.00, Bømlo kl.19.00, Bremnes kl.19.00

Søndag 16. desember er det nok ein gong klart for dei mest tradisjonsrike julekonsertane i kyrkjene våre. Unge og eldre musikantar og songarar frå våre eigne rekkjer har i lengre tid førebudd seg til å formidla den glade julebodskapen i ord og tonar.

 

I Moster kyrkje vil skulekorpset som vanleg ta del, det same vil Moster kyrkjekor i samsong med Bømlo kyrkjekor. Saman deltek kora også i Bømlo kyrkje om kvelden. Også der vil det lokale korpset ha ein sentral plass i programmet. Begge stader vil ein få høyra unge, talentfulle solistar. Ein av dei som har teke songen vidare til eit høgare studium, Steffen Siggervåg Sortland, vil syngja både åleine og saman med koret.  Desse konsertane er tilrettelagde av  kantor Øystein Skullerud, som også i høg grad er med på utøvarsida.

 

I Bremnes kyrkje blir det ei talrik mønstring av kor og korps, alt frå dei minste i Soul Children og Bømlo Skulekorps til dei noko eldre i Bømlo Kormix,  Bremnes kantori  og Bømlo Janitsjar. Her er det kantor Jostein Molde som har ansvaret for opplegget.

Fellessongen blir akkompagnert av både orgel og korps, med «Deilig er jorden» som mektig finale.

  Kommentarer


19. juli 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando