Tru:D17 Londontur
Tru:D17 Londontur

I juni inviterer kyrkjene på Bømlo 17-åringar med på tur til London.

Bli med kyrkjelydane på Bømlo til London. Tiltak for deg som blir 17 år i 2019.

London er spennande og har mykje å by på. Me tenkjer oss ein tur som inneheld byvandring, musikal, kyrkjebesøk, møte med det sosiale arbeidet i byen, besøk i den norske sjømannskyrkja, treff med norske utanlandsstudentar og sjølvsagt shopping.

 

Tidspunktet for turen er 18.juni - 21.juni 2019, altså dei tre siste skuledagane før sommarferien. Når det gjeld skulefråver; me samarbeider med dei vidaregåande skulane på Bømlo. 

 

Me vil ha ei kveldssamling i løpet av våren for dei som blir med på turen.

 

Påmeldinga opnar 16. januar 2019 kl. 09.00. Bindande påmelding innan 31.januar 2019. Ca pris kr 4.000 for reise, opphald med frukost og musikalbillett. I tillegg kjem utgifter til mat og lommepengar.

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando