Sørstatsgospel med Brødrene Nordstrand i Bømlo kyrkje
Sørstatsgospel med Brødrene Nordstrand i Bømlo kyrkje

Søndag 3. februar kl.17.00 er du velkommen til sørstatsgospel i Bømlo kyrkje.

Søndag 3. februar får Bømlo kyrkje besøk av Brødrene Nordstrand.

Brødrene Nordstrand, er ein trio frå Austevoll med brødrene Jan-Tørres, Terje og Per Nordstrand. I meir enn 45 år har dei sunge evangeliet på bedehus, i kyrkjer og i andre samanhenger. Dei har også delteke på gospelfestivaler i utlandet, m.a. den årlege og tradisjonsrike songfestivalen ”National Qartet Convention” i Louisville i USA, som samlar meir enn 20.000 mennesker, den største mønstringa innan denne songtradisjonen.

Brødrene Nordstrand sitt repertoar er variert, frå gode gamle bedehussongar til amerikansk sørstats-gospel, ein songstil som ikkje har nokon lang tradisjon i vårt land, men som etter kvart har blitt godt kjent hos oss, m.a. på grunn av Bill Gaither sin ”Homecoming”-produksjon på video og plater. Dei skriv også songar sjølve.

Brødrene Nordstrand har tre CD-innspelingar bak seg. Dei to siste er produsert i Nashville, med Nashville-musikarar av ypperste klasse. For tida arbeider dei med sin 4. innspeling. Også den vert produsert i Nashville.

Den klåre evangeliske bodskapen, framført i ei variert og fengande tonedrakt og ein lett, folkeleg uttrykksmåte - eit varemerke for Brødrene Nordstrand – blir å høyre i Bømlo kyrkje søndag 3 februar kl.17.00.

Billettar kr 200,-  Barn under 15 år gratis

Velkomen til ein triveleg ettermiddag på Søre Bømlo!

Bømlo sokneråd

  Kommentarer


22. februar 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando