Tårnagentar inntar kyrkjene igjen!
Tårnagentar inntar kyrkjene igjen!

Har du ein 9-åring i heimen? No er det snart Tårnagenthelg i kyrkjene.

i år vert det Tårnagenthelg i Lykling kyrkje og Moster kyrkje 16. og 17. februar. I Bremnes kyrkje og Bømlo kyrkje vert det Tårnagenthelg 9. og 10. mars.

Når det er Tårnagenthelg løyser me oppdrag og mysterier. Agentane skal få gå labyrint, og høyre spennande historier frå Bibelen.
 

Søndagen deltar agentane i gudstenesta. Då er det fint om de inviterer med foreldre, besteforeldre, søsken, fadrar og vener. 
 

Det kan vera lokale variasjonar for kva tid samlingane startar på laurdagen. Sjå i invitasjonsbrevet som kjem i posten, eller ta kontakt med oss på kontoret om du lurer på tidspunktet i di kyrkje.

Påmelding til Tårnagenthelg her: Tårnagenthelg 2019 

Me gler oss til å fylla kyrkjene med Tårnagentar desse helgene. Velkommen!

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando