Kommunikasjonskurs for par
Kommunikasjonskurs for par

På KOMMUNIKASJONSKURSET er det både humor og alvor. Det vil handle om å ta vare på forholdet, om kjærleik, forventningar, glede og vennskap. Om god kommunikasjon og kva som hindrar god kommunikasjon.

Er du gift/sambuar, nygift eller har mange år i lag? I eit forhold er det alltid rom for utvikling. I mars arrangerer me eit PREP – basert kommunikasjonskurs for par. PREP programmet sitt utgangspunkt er at «det nytter å arbeide for gode samliv»

Kurset er laga for å gje par eit verktøy til betre kommunikasjon, å læra å kjenna att kva type konfliktar som kan gjera skade, og for å setja søkjelys på kva som kan styrkja parforholdet. Kurset kan slik gjera at ein har større glede av parforholdet.

 

Kommunikasjonskurset er ingen terapeutisk tilnærming til samliv, eller deling av privatlivet. Det er eit pedagogisk opplegg, med korte foredrag og oppgåver for kvart par enkeltvis. Kurset er livssynsnøytralt.

 

TIDSPUNKT:

Fredag 29. mars kl. 18.00- 21.00

Laurdag 30. mars kl. 10.00-16.00 og

Søndag 31.  mars kl. 10.00-16.00

 

STAD

Kantina til Los Elektro

 

PRIS: 500,- kr. pr. par. (inkl. materiell og mat).

 

Påmelding innan 14. mars.

 

KURSHALDARAR

Ingeborg Hatlevik Ørjasæter, Asbjørn Gundersen og Sissel F. Våge. Kurshaldarane er sertifisert for å halda  PREP kurs.

 

Kontakt kyrkjekontoret for meir informasjon og påmelding:

Tlf. 53 42 32 85 /53 42 32 92.

E-post: sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no/ abf@bomlo.kommune.no

 

 

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando