I mai kan du vera med på Godhet Bømlo
I mai kan du vera med på Godhet Bømlo

Treng du hjelp? Kjenner du nokon som vil ha hjelp?Vil du ha besøk? Vil du gje hjelp?

For eksempel til:

  • hagearbeid
  • rydda i garasjen
  • fylgje til å handle inn og ordne på gravplassen
  • vask av kjøkenet
  • å vaska vindauge
  • gå ein tur
  • besøk
  • tur med elektrisk sykkel

Tilbodet er GRATIS og utan forventning om å få noko som helst tilbake. Utlegg til materiell, planter osv. held den som ynskjer hjelp.

Her på Bømlo vert «GODHETSVEKA»  arrangert 20. og 21. mai frå kl. 17.00 – 21.00. Me tenkjer at «Godhetsdagane» i tillegg til praktisk hjelp og fører til fine sosiale treffpunkt. Det er kjekt å møtast!

Uansett om du treng hjelp eller ynskjer å bidra:

Ta kontakt med leiargruppa v/ Bømlo frivilligsentral,

tlf: 53 42 14 14, epost: bomlo@frivilligsentralen.no   eller

diakoniarbeidar Sissel F. Våge,

tlf: 993 25 028/ 53 42 32 85, epost: sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no

Du/de kan og registrera deg/dykk (gruppe, lag, klubb, foreining) på: www.godhet.no

 

Påmelding kan skje frå 29. mai og fram til 13. mai.

 

Aktørar er: Representantar frå ulike lag og organisasjonar på Bømlo.

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando