Kandidatlistene til soknerådsvalet er klare
Kandidatlistene til soknerådsvalet er klare

Vallistene frå nominasjonskomiteane i sokna er no klare.

Vallistene til nominasjonsnemndene i Bømlo, Moster, Lykling og Bremnes sokn er no klare.

Bremnes sokneråd skal ha 8 medlemmer og 5 varamedlemmer. Vallista der skal difor ha minimum 13 namn. I Moster, Bømlo og Lykling sokn er det 6 medlemmer og 5 vara, minimum 11 namn. (jfr. Kyrkjelova §6). Bremnes har fullstendig liste, medan Bømlo, Lykling og Moster framleis manglar folk.

Derfor opnast det no for supplerande nominasjon. Det vil seie at 5 personar i soknet kan føreslå fleire personar til å stå på liste. Desse forslaga må vera levert til valstyret/soknerådet eller kyrkjekontoret innan kl. 12.00 5.juni. Husk at du bør spørja om dei er interessert i å stå på vallista.

Reglar for val av sokneråd kan ein finna på kyrkja.no  

 

Nominasjonskomiteane sine framlegg til lister:

Moster
1. Elin Taranger, 1971
2. Per Harald Gjerde, 1967
3. Gunnvald Bjotveit, 1941
4. Rune Sivertsen, 1962
5. Camilla Rubach, 1981
6. Heidi Fagervik, 1973
7. Christian Kallevåg-Bjerke, 1981
8. Karianne Fimland, 1984
9. Gerda Bondø, 1945
10. Marta F Ekberg, 1963

Bømlo
1. Trygve Sveinung Totland, 1951, pensjonist
2. Odd Ingvar Nilssen, 1962, offshore arbeider
3. Elin Vold, 1964, dagleg leiar
4. Dagnor Engenes, 1967, barnehagelærar
5. Nancy Helen Olsen, 1978, sjukepleiar
6. Gorm Eidesvik, 1996, automatiker
7. Einar Eidesvik, 1981, fiskeskipper
8. Rolf Magne Skippervik, 1949, pensjonist

Lykling
1. Sissel Steinsland Gåsland, f.1966, adjunkt 
2. Linda Steinsvåg Gunnarsjaa, f.1972, reknskapsførar 
3. Heidi Vold Ådnanes, f.1975, adjunkt 
4. Elisabeth Diane Bjørnevik, f.1966, kyrkjetenar 
5. Inger Johanne Sele, f.1951, pensjonist

Bremnes
1. Lene Fylkesnes Nesse, 1983, kyrkjetenar/gravferdskonsulent
2. John Olav Habbestad, 1963, rådgjevar byggesaksavdeling
3. Iren Torget, 1967, kafévert
4. Geir Ove Sele, 1968, HR-direktør
5. Åse Innvær, 1967, produksjonsleiar
6. Margot Laurhammer, 1973, koordinator
7. Anita Espevik, 1995, symjeinstruktør
8. Eivind Olsen Engen, 1986, barnehagelærar
9. Torunn Tveita, 1958, lærar
10. Hanna Raknes, 1962, sjukepleiar
11. Astrid Farestveit Gane, 1979, gullsmed
12. Anne Louise Remøy Tveita, 1986, sjukepleiar
13. Kjersti Mæland, 1966, barne- og ungdomsarbeidar

 

Å sitja i soknerådet gir deg mogelegheita til å påverka kyrkja og korleis den skal vera tilstades for folket på Bømlo. Sokneråda er ofte bredt samansett med folk i ulike aldrar og tilknytning til kyrkja. Felles er at dei bryr seg om kyrkjene og det som skjer i kyrkjelydane. Kanskje du har ein du kan utfordra til å stilla?  Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret eller ein av sokneprestane om du har spørsmål. 

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando