På det store hav me sigler
 


På det store hav me sigler
På det store hav me sigler

27. oktober ved det konsert i Bremnes kyrkje kl. 18.00

I høve Bremnes kyrkje sitt 150 års jubileum har organisten Ivar Mæland sett saman eit program der utgangspunktet er er salmen med folketone frå Bømlo ”På de store hav me sigler”. Gjennom musikk og lyrikk med havet som tema vert menneskelivet skildra i ulike fasettar, også havet som metafor for livsreisa, som er så naturleg langs vestkysten både i Noreg og Danmark.


Både bibeltekstar og diktarar er med å kasta lys over emnet, alt i frå den danske Pia Tafdrup til Jakob Sande. Ikkje minst er det tinga eit stor verk frå komponisten Kjell Habbestad ma. med tekst frå mellomalderhymnen ”Ave Maris Stella” og bibelen. Preludiet (Bølgene) i konserten er likeeins eit nyskreve orgelstykke av den danske komponisten og organisten Flemming Chr. Hansen. Ivar Mælands stykke over folketonen frå Bømlo er også med i konserten.
 

Skodespelaren Ragnhild Gudbrandsen, kjend frå Hordaland teater og Den nationale scene er berar av tekstane i konserten, og Ivar Mæland sit ved orglet.

Tinginga av dei nye verka til konserten er gjort mogleg med støtte frå Frobeniusfondet og TONO. 

 

 

Konserten er i Bremnes kyrkje 27. oktober kl. 18.00
Pris: 200,- / 100,- ungdom under 19 år

 

  Kommentarer


10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando