Minnekonserten "Sommerlandet"
 


Minnekonserten "Sommerlandet"
Minnekonserten "Sommerlandet"

Velkommen til minnekonsert i Moster og Bømlo kyrkje.

Laurdag og søndag inviterer me til minnekonsert, «Sommerlandet» av Eivind Skeie og Galib med Bremnes Kantori. Ingrid Grøvan deltek med song og Anita Myhre med tekst. Under leiing av kantor Øystein Lund Olafsen. I Bømlo kyrkje vil me laurdag ettermiddag minnast dei som har gått bort det siste året i Lykling og Bømlo m/Espevær sokn. Søndag ettermiddag vert det minnekonsert i Moster kyrkje, for å minnast dei som er gått bort det siste året i Bremnes og Moster sokn.

På begge konsertane vil me lesa opp namna til dei som er gått bort og tenna lys for kvar enkelt av dei. Alle som ynskjer er varmt velkomen til minnekonsert. Om det er for å minnast dei som er gått bort siste året eller andre som har stått ein nær.

I saman om Guds ord og bøn kan me få hjelp til å opna oss for Jesus og hans nærvær, og ta imot styrke, håp og trøyst frå Han.

 

Helsing

Sokneprestane Asbjørn Gundersen, Aksel Lygre og Fridleif Lydersen og diakoniarbeidar i kyrkjelydane på Bømlo, Sissel F. Våge.

  Kommentarer


10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando