Invitasjon til sorggruppe
 


Invitasjon til sorggruppe
Invitasjon til sorggruppe

Det vert oppstart av ny sorggruppe på nyåret 2020.

Å oppleva at ein av våre næraste døyr kan vera noko av det verste me som menneske opplever. Erfaring viser at det er viktig å snakka saman om det som er vondt og vanskeleg. 

Nokre har familie og venner dei kan dela sorga med, medan andre har få å snakka med. For nokre er det også vanskeleg å snakka om korleis ein har det med sine næraste. Mange har opplevd at det har vore til hjelp å delta i ei sorggruppe. Målsettinga med ei sorggruppe er at menneske som opplever sorg skal få møta andre i same situasjon, der ein kan dela erfaringar og vera til støtte for kvarandre. Ei sorggruppe gir høve til å vera i eit trygt fellesskap der alle som deltek har teieplikt. Sorggruppa er open for alle uansett livssyn. Det vil vera 4-8 deltakarar i ei gruppe.

Dei som har mista nokon dei stod nær er velkomen til å delta i sorggruppa.

Sorggruppa er eit samarbeid mellom kyrkjelydane på Tysnes, Stord, Fitjar og Bømlo. Me har ynskje om å vera til hjelp ved å invitera til ei sorggruppe.

Samlingane vert på Stord kyrkjekontor i Thiisafabrikken på Leirvik eller på rådhuset på Svortland kl. 18.00- 20.00. Det vert 8.-10. samlingar, ca. kvar 14. dag.

Tilbodet er gratis og det vert servert kveldsmat frå kl. 19.30-20.00.

Velkommen!

Påmelding innan 6. januar til Sissel F. Våge. E-post: sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no eller tlf. 53 42 32 85

Ynskjer du individuell samtale med prest eller diakon er du òg velkommen til å ta kontakt med underteikna.

Sissel J. F. Våge

diakoniarbeider i kyrkjelydane på Bømlo

 

  Kommentarer


24. november 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando
izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort