Invitasjon til Londontur
 


Invitasjon til Londontur
Invitasjon til Londontur

Alle som blir 17 år i 2020 er velkomne til å bli med kyrkja på tur til London i juni 2020.

Bli med kyrkjelydane på Bømlo til London. Dette er for deg som blir 17 år i 2020.

London er spennande og har mykje å by på. Me tenkjer oss ein tur som inneheld byvandring, musikal, kyrkjebesøk, møte med det sosiale arbeidet i byen, besøk i den norske sjømannskyrkja, treff med norske utanlandsstudentar og sjølvsagt shopping.

Tidspunktet for turen vert 17.juni - 20.juni 2020. Når det gjeld skulefråver; me samarbeider med dei vidaregåande skulane på Bømlo. 

Me vil ha ei kveldssamling i løpet av våren for dei som blir med på turen.

Påmeldinga opnar 15. januar 2020 kl. 09.00. Bindande påmelding innan 31.januar 2020. Ca pris kr 4.000 for reise, opphald med frukost og musikalbillett. I tillegg kjem utgifter til mat og lommepengar. 

Me håpar mange 17-åringar blir med på tur!

  Kommentarer


5. juli 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando