Strøyme-gudsteneste frå Bremnes kyrkje
 


Strøyme-gudsteneste frå Bremnes kyrkje
Strøyme-gudsteneste frå Bremnes kyrkje

I tida som kjem ynskjer me i kyrkja på Bømlo å leggja tilrette for strøyming av gudstenester frå Bremnes kyrkje. 

Det er utfordrande tider for oss alle med koronaviruset som set ein stoppar for fellesskap oss mennesker imellom. For kyrkja sin del, som for alle andre, set strenge og naudsynte nasjonale restriksjonar ein dramatisk stoppar for vår aktivitet. Gudstenester, gravferder, trusopplæringstiltak, diakonitiltak og korøving vert sett på vent, eller må gjennomførast på alternative måtar.

 

Det er likevel eit ynskje i frå kyrkja og oppretthalda ein viss form for aktivitet, og situasjonen tvingar oss til å tenkjer nytt og kreativet. I tilknyting til dette vil det for søndagane som kjem ikkje bli gjennomført vanlege gudstenester på Bømlo, men me vil kvar søndag framover prøve å få gjennomført forenkla gudstenester som vert strøyma på nett. Bremnes kyrkje er utstyr med godt videoutstyr for dette, og det er dermed frå Bremnes kyrkje det vil bli sendt gudsteneste frå i vekene som kjem. Velkommen til å følgje gudstenestene på følgjande lenke: http://www.bremneskyrkje.no/video/

Minnar om at dette ikkje er noko ope arrangement der ein kan delta i kyrkja. Kyrkja vert låst når sendinga vert gjennomført, men ver gjerne med oss i gudstenesta gjennom videosendinga.

Gudsteneste 15. mars kl. 11.00
Prest Fridleif Lydersen
Kantor Øystein Lund Olafsen
Klokkar Ola Ersland
Video Arnfinn Norheim

  Kommentarer


28. mars 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando