Gravferder i tida som kjem
 


Gravferder i tida som kjem
Gravferder i tida som kjem

Deltaking i gravferder må i tida framover avgrensast til å omfatta berre den aller næraste familien. 

Kyrkjene på Bømlo forheld seg til Bømlo kommune sine retningsliner når det gjeld smittevern mot koronaviruset.

Det er tradisjon at mange møter i gravferd for å vise respekt for den avdøde og familien. Ofte er mange av deltakarane i gravferd i risikogruppa for å utvikle eit alvorleg sjukdomsbilete dersom dei blir smitta.

Deltaking ved frammøte bør avgrensast til berre å omfatta den aller næraste familien. Smittevernlegen i Bømlo presiserer i dag tidleg: "aller næraste familie" er å forstå som  ektefelle/sambuar, born, søsken, foreldre, besteforeldre og/eller barnebarn. Max 20 personar. Blant desse i den "aller næraste familie" bør ein tenkja at dei som er i risikogruppa (eldre personar og personar med helseproblem) ikkje bør vera til stades.

Vi bed om at pårørande i denne spesielle situasjonen i samråd med gravferdsbyrået set opp ei deltakarliste med max 20 personar.  

Vi oppmodar om at ein vurderer å syne si respekt og medkjensle på anna vis enn å møte opp i kyrkja.

  Kommentarer


28. mars 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando