Fasteaksjonen 2020
 


Fasteaksjonen 2020
Fasteaksjonen 2020

Kirkens nødhjelps fasteaksjon. Gi eit liv med vatn Vipps til 2426

I ei tid då arrangement må utsetjast og avlysast, menneske blir sett i karantene, mange er sjuke, då blir håpet, kjærleiken og den mellommenneskelege omsorga ekstra viktig. Dette skal me koma gjennom, saman.

Bremnes kantori og Bømlo gospel har sett fram til å presentera eit variert repertoar på Kick-off-konserten for årets fasteaksjon til Kirkens Nødhjelp.

Me har øvd inn We are the world, og lite visste me at den teksten skulle bli meir aktuell enn nokon gong. Det som er så spesielt i denne tida me er inne i no, er at me kjenner på denne krisa både lokalt, nasjonalt og globalt.

~ WE ARE THE WORLD ~

There comes a time
Det kjem ei tid

When we heed a certain call
der me blir meir merksame

When the world must come together as one
og ser at heile verda må stå saman

There are people dying
Det er menneske som døyr

Oh, and it's time to lend a hand to life
No er tida inne for å rekkja ut ei hand

The greatest gift of all
til livet som er den største gåva som fins

We can't go on
Me kan ikkje fortsetja

Pretending day-by-day
Å kvar dag lata som

That someone, somewhere soon make a change
At nokon andre snart må gjera noko

We're all a part of God's great big family
Me er alle ein del av Guds uendeleg store familie

And the truth, you know, love is all we need
Og sanninga, veit du; alt me treng er kjærleik

We are the world
Me er verda

We are the children
Me er barna

We are the ones who make a brighter day,
Me er dei som kan gjera ein forskjell

So let's start giving
Så lat oss begynna å dela

There's a choice we're making
No må me gjera eit val

We're saving our own lives
For me tenkjer mest på oss sjølve

It's true we'll make a better day,
Men no skal det bli sant; me kan gjera ein forskjell

just you and me!
både du og eg!

Me veit ikkje kva tid me kan gjennomføra denne konserten. Men det me veit det er at når denne pandemien er over, då skal Bremnes kantori og Bømlo Gospel saman med ein heil gjeng med nye og gamle solistar la «We are the world» runge i kyrkja. Og kanskje blir det då også ei feiring av Bømlo sitt rekordstore bidrag til fasteaksjonen 🙏

Me er alle ein del av Guds store familie! Me står saman her på Bømlo og i Noreg, ja heile verda står saman! We are the world 🌍❤️

Og Jesus gav oppfordringa: Du skal elska nesten din som deg sjøl!

Støtt årets fasteaksjon! Vipps til 2426

Her er ein liten filmsnutt frå sist korøving der me øver på We are the World 🎶

Helsing sameina koristar på Bømlo!

  Kommentarer


28. mars 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando