Informasjon om maks kapasitet i kyrkjene på Bømlo etter 15. juni
 


Informasjon om maks kapasitet i kyrkjene på Bømlo etter 15. juni
Informasjon om maks kapasitet i kyrkjene på Bømlo etter 15. juni

Maks deltakande i kyrkjene etter 15. juni

15. juni vart det opning for gudsteneste, gravferder og andre arrangement med inntil 200 personar i kyrkjene våre. Dette med føresetnad om at 1 meters avstandsregel kan oppretthaldast. For å overhalda 1-metersregelen kan det maksimalt vera 200 i Bremnes kyrkje, 150 i Bømlo kyrkje, 100 i Moster kyrkje og 50 i Lykling. 

Frå myndigheitene er det gjennom Covid-19-forskriftens §13 krav om oversikt over deltakarar. Når det gjeld gravferder er det framleis deltakarliste som vert gjeldande, men lista vil kunne utvidast av nærmaste pårørande til å gjelde 200 personar mot tidlegare 50. Dei nye maksgrensene for dei ulike kyrkjene vil også gjelde for gravferd.
I alle kommande gudstenester vert deltakarar registrert når ein kjem til kyrkja. Ein vil dermed måtte opplyse om namn og telefonnummer når ein kjem til gudsteneste. Registreringa vil kunne variere mellom at namn og nummer vert nedskrive eller at dette vert teke opp i lydopptak i døra. Dette vert oppbevart i 10 dagar for å forenkle smittesporing ved eit eventuelt utbrot. Denne prosedyren vil naturlegvis vera tidkrevjande, noko som igjen gjer at ein oppfordrar deltakarar i gudstenester om å møta tidleg. Det er også svært viktig at ein i registreringskøen opprettheld 1 meters avstand jfr. generelt smittevern.

I Bremnes, Moster og Lykling kyrkje er alle stolar tilbake til normalt oppsett, men annankvar rad vert steng av. Det er som tidlegare råd å sitje nærare enn 1 meter frå personar i same husstand, men minimum 1 meter til andre. Dersom ein er sjuk skal ein ikkje delta fysisk i kyrkja. Galleria i kyrkjene er reservert til deltakande kor, forsongar og andre musikalske bidragsytarar.

Velkommen til kyrkja.

  Kommentarer


8. august 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando
izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort