Adventsprogram i kyrkjene på Bømlo
 


Adventsprogram i kyrkjene på Bømlo
Adventsprogram i kyrkjene på Bømlo

Det er mange som set stor pris på kyrkja sine adventstradisjonar. Også i år skal adventstida fyllast med forventning og glede fram mot julehøgtida.

Det er mange som set stor pris på kyrkja sine adventstradisjonar. Også i år skal adventstida fyllast med forventning og glede fram mot julehøgtida.

Her kjem ein presentasjon av adventsprogrammet. 

Kulturskulen startar adventstida med sine konsertar i Moster kyrkje og Bremnes kyrkje. Det blir lysmesser i alle fire kyrkjene. 

Moster kyrkje og Bømlo kyrkje planlegg sine tradisjonelle julekonsertar. På grunn av koronarestriksjonar utgår "Kyrkjelyden sin julekonsert" i Bremnes kyrkje i år, det blir for mange aktørar og for stort publikum til at den kan gjennomførast. Bremnes Kantori vil i år arrangera sin eigen julekonsert. Lykling kyrkje har for liten plasskapasitet til at det kan gjennomførast konsertprogram der, men Våge skulemusikklag inviterer til eigen konsert.

"Vår jul" med Christian Ingebrigtsen, Gaute Ormåsen, Torstein Sødal, Tine Thing Helseth og vår eigen kantor Øystein Lund Olafsen har også i år lagt inn ein turnéstopp i Bremnes kyrkje.  

Når det gjeld julaftan er det i samråd med stab og sokneråd bestemt at det ikkje vert gudstenester i kyrkjene. Det er gledeleg at fleire og fleire har som tradisjon å gå i kyrkja på julafta, fleire enn det er mogleg å få plass til denne jula med gjeldande restriksjonar. Det er difor planlagt ein stor gudstenesteproduksjon frå heile Bømlo, på same måte som gudstenesta på 17.mai. På denne måten kan alle som ønskjer det få høve til å få julaftagudstenesta heim i julestovene.  

Kyrkjene på Bømlo debuterer i år med sin eigen digitale adventskalender. Det blir ei luke med litt adventsstemning for kvar dag i desember. Luke 24 blir den digitale julaftagudstenesta.   

I romjula vil Bømlo Gospel ha sin tradisjonelle Romjulsgospel. Det er planlagt to konsertar, og 12 musikarar frå Stavanger symfoniorkester er booka inn til desse konsertane.​

Arrangement advent 2020

27.11 kl.19:30

Kulturskulen Moster kyrkje    

28.11 kl.18:00

Kulturskulen Bremnes kyrkje

29.11 kl.18:00

Lysmesse Bømlo kyrkje            

29.11 kl.19:00

Lysmesse Moster kyrkje           

29.11 kl.18:00

Lysmesse Bremnes kyrkje        

 – speidarar og Bremnes Kantori deltek

05.12 kl.19:00

Julekonsert med Bremnes Kantori Bremnes kyrkje

06.12 kl.18:00

Lysmesse Lykling kyrkje          

06.12 kl.19:00

Førjulskonsert Havdur Bremnes kyrkje                     

08.12 kl.17:30

«Vår jul» Bremnes kyrkje

med Torstein Sødal, Christian Ingebrigtsen, Gaute Ormåsen, Tine Thing Helseth og Øystein Lund Olafsen.

Bømlo Soul Children deltek

13.12 kl.16:00

Julekonsert Moster kyrkje

– Moster skulekorps, Sigrid Gunnarsjaa, Bømlo- og Moster kyrkjekor m.fl.

13.12 kl.19:00

Julekonsert Bømlo kyrkje

– Hillestveit musikkorps, Sigrid Gunnarsjaa,

Bømlo og Moster kyrkjekor m.fl.

13.12 kl.19:00

Bømlo Janitsjar Bremnes kyrkje

13.12

Våge skulemusikklag konsert i Lykling kyrkje

 

1.og 2. juledag vert det høgtidsgudstenester i kyrkjene,

sjå gudstenesteliste www.bomlo.kyrkja.no

28.12 kl.18:00 og 21:00

Romjulsgospel med Bømlo Gospel Bremnes kyrkje

 

  Kommentarer


24. november 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando
izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort