Denne sida er under bearbeiding.

Gravplassar, kart og søk

I Bømlo kommune er det 14 gravplassar som Bømlo kyrkjelege fellesråd har ansvar for, nokre av gravplassane er heilt eller delvis freda og dermed ikkje lenger i bruk. Dei feste gravplassane er delt inn i ulike felt som igjen er organisert med rekker og rader. På lenka under finn du kart over alle dei ulike gravplassane i Bømlo kommune. Du kan også her sjå inndelinga med dei ulike felta på dei forskjellige gravplassane. Dersom du er på jakt etter ei spesiell grav på ein av gravplassane er det også mogeleg å søke etter namn og orientere seg ut ifrå gravID til den spesifikke grava. 
- Kart over gravplassane på Bømlo
- Søk på grav i Ecclesia
- Søk på grav i DIS

Vedtekter, prisar på feste og sletting av grav

Foraltning av gravplassar, og festars mogelegheiter og plikter er lovfesta i gravferdslova, forskrifter til gravferdslova og lokale vedtekter. Lenke til dei ulike bestemelsane finn du under. Alle graver skal ha ein festar. Festaren er ansvarleg for at grava vert halden i hevd. I Bømlo kommunen er det 30 år fri festetid for alle som er gått bort, og som var busett i Bømlo kommune. På lenka under finn du prisar for feste ut over fredingstida og for gravlegging for utanbyds.

- Gravferdsloven

- Forskrifter til gravferdsloven

- Lokale vedtekter

Gravstellavtalar og oppretting

Dersom du har vanskelegheiter for å sjå til grava du er festar for, eller gravminnet har blitt skeivt tilbyr Bømlo kyrkjelege fellesråd å hjelpe deg med dette. Bømlo kyrkjelege fellesråd tilbyr to ulike alternativ for stellavtalar, dette er standard og utvida stellavtale. Standard stellavtale innhar planting, vår, sommar og haust, samt vatning og luking etter behov. Utvida stellavtale innhar det same som standardavtale men har vinterdekke med bar og krans til jul i tillegg. 
Mange graveminner vert over tid råka av endringar i jorda. Telehiv og nedbør kan fort førte til at gravminne vert ståande skeive og verste fall fell overenda. Ved slike tilfeller er det festar sitt ansvar at grav vert retta opp. Festar kan, etter avtalt tid med kyrkjeverje, setje opp eller rette opp gravminnet sjølv. Likevel er det svært vanleg at dette er ei teneste ein ynskjer å kjøpe av andre. Bømlo kyrkjelege fellesråd tilbyr denne tenesta. Kyrkjegardsarbeidarne i Bømlo som gjennomfører denne tenesta er svært kvalifiserte personar med mange års erfarming. Så tenesta vår knytt til dette er av høg kvalitet. Under finn du lenke til prisar på stellavtalar og andre tenester som Bømlo kyrkjelege fellesråd tilbyr.
- Prisar for stellavtalar, og andre teneste

Gravplassar i Bømlo Kommune

 

 

Vedtekter for gravplassane i Bømlo Kommune

 

 

Med heimel i  Lov av 7. Juni 1996 nr. 32 om Gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21.

§ 1  GRAVPLASSTILHØYRING
Avlidne personar i kommunen har rett til fri grav og kan gravleggjast på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ønskja. Ein kan velje mellom tradisjonell urnegrav, særskild stell-fri urnegrav eller vanleg kistegrav. På Bremnes kyrkjegard er det tilrettelagt eit gravfelt for minoritetar og ulike trus- og livssynssamfunn.

Personar med bustad utanfor kommunen kan gravleggjast mot betaling av ei fast avgift.

§ 2  FREDINGSTID OG FESTETID
Fredingstida for urnegraver er 20 år.
Fredingstida for kistegraver er 30 år.
Festetida er 5 år.

§ 3  FESTE AV GRAV
Før gravlegging skal det avtalast kven som er ansvarleg for grava.
Når ei grav vert teken i bruk, er det høve til å reservera ei grav ved sida av for ektefelle eller nær slektning når dette fell naturleg. Ved bruk av urnegrav kan det ikkje festast grav ved sida av, men kvar grav har plass til fleire urner.

Det er fri grav i fredingstida. Når fredingstida er ute kan det avtalast feste av grav. Slik festeavtale gjeld i fem år og blir fornya ved betaling av ny femårsperiode. Er festet ikkje betalt innan 6 månader frå forfall, fell festeavtalen bort.

Festetida kan forlengast utover 60 år under særskilde tilhøve og etter skriftleg søknad, dersom den avdøde er sysken, barn, ektefelle, foreldre, besteforeldre til noverande festar eller dersom det var særskild sterke band mellom festar og avdøde. Der desse vilkåra er tilstades kan grava festast for ein festeperiode om gangen. Det er og eit vilkår at det skal vera betalt festeavgift for siste festeperiode.

Ingen kan gravleggast i festa grav utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke ikkje kan innhentast, skal Kyrkjeleg fellesråd ta avgjer i spørsmål om gravlegging. Festaren pliktar å melda frå om endring av adresse.

Avgift for feste av grav blir fastsett av kommunen etter tilråding frå Kyrkjeleg fellesråd.

Alle graver som vart nytta til kistegraver i perioden 1953 til og med 1979 er tekne ut av bruk inntil vidare som kistegraver. Dette på grunn av plastgravproblem. Det kan gravleggast urne i ei plastgrav.

§ 4  GRAV OG  GRAVMINNE
Kyrkjegardspersonalet vil syta for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Gravminne kan ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging. På ny gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teken i bruk. Gravminnet vert ståande der for godt.

§ 5  PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med gravbakken rundt. Det må ikkje vera breiare enn breidda på gravminnet, og ikkje stikke lenger fram enn 60 cm målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller som går ut over plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruka fast dekor i plantefeltet. Lause dekor skal fjernast etter bruk.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med delt natursteinkant som fluktar med terrenget rundt, men må ikkje vera breiare enn gravminnet.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.

§ 6  PLANTETILFANG
Planter, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, må kunna komposterast.

§ 7  STELL  AV  GRAV
Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av personalet på gravplassen.

§ 8  GRAVSTELLAVTALE
Ved å inngå gravstellavtale vil Kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden.

Gravstellavtalen vert forvalta av fellesrådet sin daglege leiar/kyrkjeverje. Det skal opprettast eigen gravstellavtale for kvart gravminne. Innbetaling skjer til ein felles gravstellkonto. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekka utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden for ei fastsett tid. Slik stellavtale kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredingstida eller festetida som ligg framføre. Dersom midlane i avtaletida ikkje strekk til, skal kyrkjeverje gi melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er då høve til å auke innbetalings-summen slik at det rekk ut festetida. Vert summen ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp.

Dersom det er midlar att på kontoen når avtaletidatida er ute, kan desse brukast av Kyrkjeleg fellesråd til å gjera gravplassane vakrare. Rekneskapen vert reviderast kvart år. Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon.

§ 9  BÅREROM
Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge til rommet utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

§ 10  NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ønskjer å driva verksemd på gravplassen skal ha løyve frå Kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan inndragast dersom vedkomande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Personalet på gravplassen kan ikkje mot godtgjering utføra tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassen å gjera.

Vedteke av Bømlo kyrkjelege fellesråd  07.12.1999.     
Godkjent av Bjørgvin bispedømeråd 26.04.2000.
Siste endringar gjort av Bømlo kyrkjelege fellesråd 14.12.2010. Språklege endringar utført i april 2013.
Siste godkjenning i bispedømerådet 03.04.2013.

 

 


FESTEAVGIFT I BØMLO KOMMUNE
Prisar godkjent av kommunestyret i Bømlo 08.02.2016.                                                       

RESERTVERING AV GRAV
For reservering av grav skal det betalast ein eingongsavgift på kr 1.900,-
Samstundes vert den reserverte grava fakturert med feste for 5 år omgangen.
Total sum ved reservering av grav vert difor for fyrste 5 år: 2.900,- Deretter er feste 1.000,- kvart 5. år.

 


FOR PERSONAR SOM VAR BUSETT I KOMMUNEN
Kistegraver:          kr 200,- per.år når grava er mellom 30 og 40 år.
                             kr 250,- per.år når grava er mellom 40 og 60 år
                             kr 350,- per.år når grava er mellom 60 og 70 år
Urnegraver:          kr 200,- per år.


FOR PERSONAR SOM VAR BUSETT I ANNAN KOMMUNE

Festeavgift per år                                kr: 300,-
Eingongsavgift for urnegrav                kr 8.000,-
( festeavgift i 20 år)
Eingongsavgift for kistegrav                kr 11.000,-
( festeavgift i 30 år)
Kistegrav + reservering av grav          kr 22.000,-
( festeavgift i 30 år for 2 graver)
Ved bruk av gamal grav                      kr 4.200,-

KREMASJONSSTØNAD
Kyrkjeleg fellesråd gir kremasjonsstønad tilsvarande den faktiske eigenbetalinga (p.t.kr 4.750,-)
til etterlatte for å dekka ekstra kostnader ved kremasjon. Stønaden gjeld berre for dei som har rett til ”fri grav” (busette i kommunen ) når dei døydde.
Dersom avdøde på grunn av pleie- eller omsorgsbehov hadde budd i annan kommune i inntil fem år, skal personen likevel reknas som busett i kommunen.

TILBOD OM STELLFRI URNEGRAV
Med stellfri urnegrav meiner vi grav som pårørande og dei etterlatte slepp å stella. Kyrkjeleg fellesråd tek på seg ansvar for at gravstaden er fin i 20 år. Det er difor ikkje naudsynt eller høve for andre å stelle grava.
Stellfri urnegrav på namna minnelund:         kr 10.000,- (14.000,- utanbygds)
Stellfri urnegrav med eigen namneplate:     kr 16.000,- (20.000,- utanbygds)

Forskjellen mellom desse  tilboda er at med namna minnelund vert namnet påført ein fellesstein. Med  eigen namneplate vert slik plate montert på ein stor rund stein på eigen sektor og plassert rett over urnegrava.- Sjå eiga brosjyre.
 


DET ER IKKJE HØVE TIL Å RESERVERE GRAV VED SIDA AV EI URNEGRAV

Krav om festeavgift for reservert grav vert sendt ut om lag ein månad etter grav er tinga.
Festeperioden er fem år.
Ved fornying av gravfeste, gjeld dette for fem år.

 

Kontakt oss
 Bømlo kyrkjelege fellesråd
 Leirdalen 1     
 5430 Bremnes
 Telefon: 53 42 32 80
 Send e-post 
 Opningstider: 09:00 - 15:00
Finn grav på DIS

23. juni 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando