Moster Kyrkje, Bømlo, Moster, Kyrkje
 


Moster Kyrkje



Byggeår: 1874 
Stad: Eikeland, Moster 
Sitjeplassar: ca. 200 
Arkitekt: Peder Andreas Blix
 

Rundt 1860 byrja ein å snakka om å byggja ei ny kyrkje på Moster. Den gamle var for trong, ja - i periodar var det nødvendig å ha dørvakter for å passa på at utanbygdsfolk ikkje slapp inn før dei fastbuande på Bømlo var på plass.

Det var store diskusjonar om kvar den nye kyrkja skulle plasserast. Svært mange meinte at kyrkja måtte stå så nær den gamle kyrkja som mogleg. Etter ei tid vende dei seg til departementet for at dei skulle ta ei avgjerd om plasseringa. Dei returnerte eit kart med eit kryss om lag det som skulle vera midtpunktet i soknet. Akkurat der, som var Tungeneset, var ikkje ein høveleg plass, og til slutt enda dei opp på Eikeland. Her var det kort veg frå sjøen, og i dei tider kom dei fleste kyrkjefolka sjøvegen.

Den nye kyrkja på Moster vart bygd i 1874, og er ei trekyrkje. Ein del av inventaret frå den gamle kyrkja vart teke med til den nye kyrkja, men dette er no sett attende. Då den nye kyrkja var ferdigstilt, vart Moster gamle kyrkje seld til "Foreningen for Norske Fortidsminnemerkers bevarelse".

Då kyrkja hadde 100-årsjubileum i 1974 vart det gjort ein del restaureringsarbeid. Her kan nemnast måling innvendig og inventaret, våpenhuset vart utbygd med plass for toalett og ny trapp.

Kontakt oss
 Bømlo kyrkjelege fellesråd
 Leirdalen 1     
 5430 Bremnes
 Telefon: 53 42 32 90
 Send e-post 
 Opningstider: 09:00 - 15:00
Her finn du kyrkja:
25. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando