Kor på Bømlo

Dersom du er glad i å synge er det fleire kor å velgje mellom i kyrkjeleg regi på Bømlo. Under fin du beskriving av Bremnes Kantori, Bømlo Gospel, Bømlo kyrkjekor og Moster kyrkjekor.
Du kan også trykke på ei av lenkene for å komme inn på eigne sider for nokre av kora.

Nyhendearkiv for Musikk og Kor


Bremnes Kantori:

Bremnes kantori vart stifta ein vinterdag i 1989. I 2014 markerer koret 25-årsjubileet med konsertar og andre arrangement. Sidan starten har kantor Jostein Molde hatt det faglege ansvaret og dirigert koret. Medlemstalet har vore relativt høgt heile tida; koret tel no ca 45 songarar frå 29 til 66 år. 

Gudstenestelivet i Bremnes sokn har alltid stått øvst på prioriteringslista til koret, og gjennom åra har dette ført til auka vitalitet og djupare forståing for songen sin plass i kyrkjelyden si hovudsamling. I tillegg har koret alltid hatt andre utfordrande oppgåver å arbeide fram imot, som til dømes salmekveldar og konsertar. Mange større kyrkjemusikalske verk er framførte i samarbeid med solistar og musikarar. Dette har gjeve koristar og tilhøyrarar mange gode opplevingar, og utvida den musikalske horisonten. Ikkje reint sjeldan tek koret del i ulike andre arrangement i nærmiljøet. Repertoaret spenner vidt, men har sin basis i den klassiske kyrkjemusikken.

Nye songarar er svært velkomne, sjølv om medlemsmassen er stabil. Utfordringa går først og fremst til yngre vaksne. Korerfaring er ein fordel, men ikkje noko vilkår. Beste tida å kome inn er ved oppstart etter sommarferien eller ved nyttår, men det er råd å melde seg til dirigenten når som helst. 

Kvar torsdagskveld kl. 20.00 til 22.00 øver koret i Bremnes kyrkje. Av og til blir det lagt inn litt ekstra øvingstid på førehand. Framføringar med samla kor finn stad tre - fire gonger i halvåret, i tillegg medverkar grupper i mange gudstenester. Det er altså stort sett i helgene koret har sine oppgåver.

Bømlo Gospel:
Bømlo Gospel er det nyaste koret vi har på Bømlo. Det vart starta opp hausten 2014 etter at det før sommaren vart oppretta ei gruppe på facebook for å finne ut om det var noko interesse for eit nytt gospelkor på øya. På først øving, 10. september, var det samla 70 gospelglade bømlingar i Lykling kyrkje. Nokon som var over all forventning for initiativtakarane. Koret har øving anna kvar mandag kl. 19.00 til 21.30 i Bremnes kyrkje. Sjølv om koret er svært nytt har det allereie vore med på storslott Gospelkonsert med Gaither legenda Russ Taff i Bremnes kyrkje, dei har hatt eigen romjulskonsert og i mars 2015 hadde dei Andraé Crouch Tribuet. 

Koret er ope for alle som har vanleg musikalsk gehør, har sangstemme og vil synge i kor. Koret har per dags dato såpass stort medlemstal at det har valt å kun ha opptak av menn, dette for å styrke tenor og bass rekka, men det er mogeleg for alle å sette seg opp på inntaksliste. Føremålet til koret er å skape musikalsk glede for både medlemer og tilhøyrarar, og koret ynskjer å formidla den kristne bodskapen gjennom song og musikk.  

Bømlo Kyrkjekor:

Bømlo kyrkjekor vart starta opp hausten 1998. Frå hausten 2011 har koret vore leia av kantor Øystein Skullerud. Ved årsskiftet 2014/15 hadde koret 12 medlemar, og me tek gjerne imot fleire. Viss du er interessert i å bli med, så ta kontakt med dirigenten: Øystein Skullerud, 97 78 07 93. Me held til i Bømlo kyrkje på Langevåg, der me øver i «litlesalen» tysdagar frå kl 18:30 – 20:30. Repertoaret er breitt: klassisk musikk, folkemusikk, bedehusmusikk, spirituals/gospel m.m. Koret sin viktigaste oppgåve er å styrkje songen i kyrkjelyden. Det gjer me ved å ta del i gudstenestene, særleg på dei store høgtidsdagane, og ved å arrangere songkveldar og konsertar, gjerne saman med Moster kyrkjekor. Me syng også på Bømlo omsorgstun ein gong i semesteret.

Moster Kyrkjekor:

Moster kyrkjekor vart starta opp hausten 1999, til Moster kyrkjes 125-årsjubileum, av dåverande kantor Eli Johanne Rønnekleiv. Frå hausten 2011 har koret vore leia av kantor Øystein Skullerud. Ved årsskiftet 2014/15 hadde koret 17 medlemar, og me tek gjerne imot fleire. Viss du er interessert i å bli med, så ta kontakt med dirigenten: Øystein Skullerud, 97 78 07 93. Me held til i Moster kyrkje, der me øver om lag annankvar onsdag kveld. Frå og med hausten 2015 vert øvingstidspunktet kl 18:30 – 21. Repertoaret er breitt: klassisk musikk, folkemusikk, bedehusmusikk, spirituals/gospel m.m. Koret sin viktigaste oppgåve er å styrkje songen i kyrkjelyden. Det gjer me ved å ta del i gudstenestene som forsongarar, anten i grupper eller som fullt kor, og ved å arrangere songkveldar og konsertar, gjerne saman med Bømlo kyrkjekor. Me syng også på Moster alderspensjonat ein gong i semesteret.


Kontakt oss
 Bømlo kyrkjelege fellesråd
 Leirdalen 1     
 5430 Bremnes
 Telefon: 53 42 32 80
 Send e-post 
 Opningstider: 09:00 - 15:00
16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando