Om Bremnes Kantori


Bremnes kantori vart stifta ein vinterdag i 1989. I 2014 markerte koret 25-årsjubileet med konsertar og andre arrangement. Sidan starten har kantor Jostein Molde hatt det faglege ansvaret og dirigert koret. Medlemstalet har vore relativt høgt heile tida; koret tel no ca 45 songarar frå 29 til 66 år. 

Gudstenestelivet i Bremnes sokn har alltid stått øvst på prioriteringslista til koret, og gjennom åra har dette ført til auka vitalitet og djupare forståing for songen sin plass i kyrkjelyden si hovudsamling. I tillegg har koret alltid hatt andre utfordrande oppgåver å arbeide fram imot, som til dømes salmekveldar og konsertar. Mange større kyrkjemusikalske verk er framførte i samarbeid med solistar og musikarar. Dette har gjeve koristar og tilhøyrarar mange gode opplevingar, og utvida den musikalske horisonten. Ikkje reint sjeldan tek koret del i ulike andre arrangement i nærmiljøet. Repertoaret spenner vidt, men har sin basis i den klassiske kyrkjemusikken.

Nye songarar er svært velkomne, sjølv om medlemsmassen er stabil. Utfordringa går først og fremst til yngre vaksne. Korerfaring er ein fordel, men ikkje noko vilkår. Beste tida å kome inn er ved oppstart etter sommarferien eller ved nyttår, men det er råd å melde seg til dirigenten når som helst. 

Kvar torsdagskveld kl. 20.00 til 22.00 øver koret i Bremnes kyrkje. Av og til blir det lagt inn litt ekstra øvingstid på førehand. Framføringar med samla kor finn stad tre - fire gonger i halvåret, i tillegg medverkar grupper i mange gudstenester. Det er altså stort sett i helgene koret har sine oppgåver.
Kontakt oss
 Bømlo kyrkjelege fellesråd
 Leirdalen 1    
 5430 Bremnes
 Telefon: 53 42 32 80
 Send e-post 
29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando