Tru:D 4 - 4 årsbok med førsamling
Tenk at du fyller fire år dette året! Det er kanskje også fire år sidan du vart døypt. Det vil vi feire saman med deg i kyrkja.
 
Nokre stader er det førsamling på fredag eller laurdag. Dette er ei samling for 4-åringane i kyrkja eller på bedehuset. Her får du møta søndagsskulelærarar, det vert ei songstund og eit lite søndagsskuleopplegg. Ta med deg ein (eller fleire) vaksne. Det vert enkel bevertning. 
Søndagen kl.11.00 er det familiegudsteneste, og du skal få ei fin bok som heiter Mi kyrkjebok 4. Inviter med deg foreldre, sysken, besteforeldre og fadrar til kyrkja denne dagen. Me ynskjer at dette skal vera ein festdag for heile familien.
 
Mi kyrkjebok 4 
Boka Mi kyrkjebok 4 er ei lett og glad bok som både barn og vaksne vil lika. I boka er det bibelforteljingar, varierte kunstbilete, songar, salmar og enkle liturgiske ord og uttrykk. 
 
Her er oversikt over tidspunkt for Førsamling og utdeling av 4-årsbok hausten 2018:
 
Førsamling Finnås bedehus   fredag 19. oktober kl.17.30 v/Sprell levande og Minisprell
Førsamling Bremnes kyrkje  laurdag 27. oktober kl. 11.00
 
Lykling kyrkje         søndag 21. oktober kl.11.00
Moster kyrkje        søndag 21. oktober kl.11.00
Bremnes kyrkje     søndag 28. oktober kl.11.00
Bømlo kyrkje         søndag 28. oktober kl.11.00

 
 
Spørsmål rettes til:
17. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando