Tru:D 7 - Filmkveld
I byrjinga av året ynskjer vi å invitere deg som vert 7 år i år til Filmkveld. Vi riggar til med popcorn og kinostemning i kyrkja, og filmen vi viser heiter «Historien om Jesus for Barn».

I Jesusfilmen for barn opplever vi historia om Jesus sett med barns auge. Jesu liv, slik det var, skildrast på ein spennande og underhaldande måte. Filmen viser høgdepunkt i bibelforteljinga og utfordrar sjåaren på betydinga historia har i dag. 

Invitasjonen vert berre sendt ut til dei som er døypte og tilhøyrande (ein av foreldra er medlem) i kyrkja. Men dersom de veit om andre førsteklassingar som ikkje har fått invitasjon, er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne til kyrkja på filmkveld dei òg!

Me ynskjer vidare at dette skal vera ei oppleving som førsteklassingen din kan få i lag med deg som forelder. Me stiller med popcorn. Filmkvelden er gratis!

Filmkveldane i 2015 er gjennomført, så neste filmkveld blir i starten av 2016. Det er vidare ikkje bestemt om det vert same film då, som vart vist i år. Velkommen dersom du har eit barn i hus som vert 7 år i 2016.

Spørsmål rettes til:

Åse Innvær

 53 42 32 95
 Send e-post

Liv Merete F. Pedersen

 53423286
 Send e-post

Laila Hansen Røksund

 53423289
 Send e-post
29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando