Tru:D 9+ Supersamling

Påmeldinga til Supersamling er no stengt.

 

Hei, du som er fødd i 2009 

 

Måndag 25. og tysdag 26. juni ønskjer kyrkja å invitera deg som snart er ferdig på 3. trinn til supersamling! Supersamling er to heile dagar med variert program frå morgon til ettermiddag. Det vert samlingar i kyrkja, og tur i nærområdet, både på sjø og land. 

 

I Bibelen kan me lesa om fleire superheltar, og desse to dagane skal me bli kjende med nokre av dei.

 

Måndagen kan ein vera på Supersamling i tidsrommet kl. 08.00-15.00, tysdagen frå kl.08.00-14.30. Me treng hjelp frå nokre vaksne (foreldre, fadrar eller besteforeldre)  som kan vera med på små praktiske oppgåver. Kryss av for dette ved påmelding.

 

Når du melder barnet på, er det fint om du kryssar av for kva klokkeslett du vil levera og henta barnet. Då kan me planleggja bemanninga desse dagane best mogleg 


Siste frist for påmelding er 10. juni. 
Supersamlinga har ei grense på 40 deltakarar.
 
NB! Påmeldinga vert ikkje registrert før du har trykt send på siste sida.
Spørsmål rettes til:
17. august 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando