Tru:D - Babysong

 

 

 

Babysong er eit av tilboda i trusopplæringa frå kyrkjene på Bømlo som etter kvart er begynt å bli godt innarbeid. Det er babysong i Bremnes Kyrkje, Lykling Kyrkje og bedehuset Salem på Moster. Det er babysong ca annankvar veke. 

På babysong samlast det mødre og fedre med barnet sitt som er mellom 0 og 1 år. Kyrkja eller bedehuset opnar ein halv time før songstuda begynnar. Songstunda varer ca 30 min, og den inneheld blant anna namnesong, kristne songar, rim og regler og dans. Me varierer mellom å sitja og liggja på golvet og å stå og dansa i ring. Songstunda er eit godt høve for foreldre til å få kontakt med babyen. Me brukar tida før og etter til prat.

Til høgre på sida finn du program for babysong hausten 2018 dei ulike stadane. 
Under kan du også sjå ein film frå babysong i Vardeneset menighet. Dette gir eit lite inntykk av korleis babysong i kyrkjene på Bømlo også er. 

Ta kontakt dersom du har spørsmål!

 

 

 

Spørsmål rettas til:
17. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando