Konfirmasjon i kyrkja handlar om å utforska kristen tru og dei store spørsmåla i livet. Du er velkommen til konfirmasjon i kyrkja uansett om du trur, tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du læra meir om deg sjølv og Gud. Me snakkar om livet - på godt og vondt.
I år kan me diverre ikkje invitera til samlingar med informasjon om konfirmantopplegget i kyrkjene våre. Alle medlemer har fått invitasjon tilsendt i posten.
Velkommen som konfirmant i kyrkjene på Bømlo!
Aktivitetar i konfirmantåret
I løpet av konfirmantåret er du med på dagsleir, gudstenester, undervisning, miljøtiltak, konfirmantfestival, fasteaksjon og nokre samlingar for både konfirmantar og foreldre. Detaljert årsplan vert utdelt ved oppstart av konfirmantåret i august.
Her kan du lesa heile invitasjonen til konfirmant 2022
Her kan du melda på til konfirmasjon i kyrkjene på Bømlo