Opnar kyrkjene igjen


Etter nok ein runde med stengde kyrkjer og strøyma gudstenester blir det igjen letta på restriksjonane.

 

Søndag vert det igjen høve til å delta på gudsteneste i kyrkjene på Bømlo, og til søndag er det gudsteneste i Bømlo kyrkje på Langevåg. Maks antal er 85 personar. Hugs lapp med namn og telefonnummer. På grunn av konfirmasjonar og digital 17. maifeiring vert neste gudstenester med mogelegheit for deltaking 13. mai på Siggjo og deretter 23. mai i Bremnes kyrkje.
Talet på personar som kan vera i kyrkjene er no det same som før lokal forskrift og nasjonal innstraming nemleg 100 i Bremnes, 85 i Bømlo, 65 i Moster og 30 i Lykling. Dette då regelen om 2 meters avstand i arrangement med allsong framleis gjeld.

Attende