Torsdag kl. 12.00 vert det ringt med kyrkjeklokkene i kyrkjene på Bømlo. Bremnes kyrkje vert også open frå kl. 11.30 til 13.00.
I år er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya. Som ein del av lokalsamfunnet er kyrkja med på å bere sorga og dei vonde minna, men også håpet. I fem minutt frå kl 12 vil kyrkjeklokker over heile landet ringe, dette vert også gjennomført i kyrkjene på Bømlo.
Bremnes kyrkje vil vera open frå kl. 11.30 til 13.00 med mogelegheit for lystenning og samtale.