Påmelding til gudstenester


Informasjon om gudstenestene 1. og 2. nyttårsdag og korleis ein melder seg på til gudstenestene

 

Som følgje av restriksjonane gjeve 13. desember er me no naud for å ha påmelding til gudsteneste våre. Det er også antallsbegrensing på 50 personar i gudstenestene uavhengig av storleik på kyrkjene. 1. nyttårsdag vert det gudsteneste med påmelding i Bømlo kyrkje. Det var i utgangspunktet sett opp påmelding til to gudstenester i Bremnes kyrkje 2. januar. Ei kl. 10.30 og ei kl. 12.00. Grunna lite påmelding utgår gudstenesta kl. 10.30 og det er bere gudstenesta kl. 12.00 det no er mogeleg å melde seg på til.

Det er fleire måtar å melde seg på til gudtenestene:
- Ein kan melde seg på gjennom denne lenka:
Påmelding til gudstenester
- Ein kan sende sms eller ringe til 952 45 182 (Laila H. Røksund).

Attende