5 tips når du no kjem til gudsteneste!


Endeleg kan me igjen feire gudstenester og ha andre aktivitetar i kyrkjene utan for strenge restriksjonar. Her er 5 tips til deg som kjem til kyrkja.

 

Hurra for nesten full gjenopning! 
Frå 1. februar kl. 23.00 fjerna myndigheitene mange av dei restriksjonane som har hatt sterk avgrensing på vår aktivitet i kyrkjene. Meteren er framleis gjeldande men for lokale med faste tilviste plassar gjeld ikkje denne bestemmelsen. Dermed kan me no nytta kvar einaste rad og kva stol/benk i kyrkjene våre. Det er heller ikkje krav til registering i forkant eller når ein kjem til kyrkja. Her er likevel 5 tips til deg som kjem til kyrkja: 
1. Ha munnbind på deg når du kjem til kyrkja, når du forlet kyrkja og elles når du bevegare deg i kyrkjerommet som for eksempel under nattverden. Unngå mingling i midtgangen og i våpenhuset.
2. Ha god hand- og hoste hygiene. 
3. Sjølv om meteren ikkje er gjeldande i lokale med faste tilviste plassar kan det likevel vera lurt å setje seg med eitt sete til andre enn dei i din eigen husstand dersom det er god plass i kyrkja. (Men dette er altså ikkje noko krav)
4. Ta vaksina og last ned Smittestopp-appen då denne skal erstatta varslinga til deg som vert nærkontakt med ein smitta.
5. Inviter med deg ein ven, nabo eller andre til å bli med å feire gudsteneste i kyrkja! 

Attende