Vellukka dugnadskonsert i Moster kyrkje


Sara Belic briljerte i utdrag frå Mozarts fiolinkonsert i A-dur og Bachs fiolinpartita i g-moll. Foto: Håvard Hammarstrøm/Bømlo-nytt

 

 

Det var feststemning og flott musikk i Moster kyrkje sist sundag. Eit knippe lokale solistar med Sara Belic (bildet) i spissen, saman med Bømlo janitsjar under leiing av dirigent Stein Høyland, og kantor Øystein Skullerud, spela til stor begeistring hos dei om lag hundre tilhøyrarane som hadde funne vegen til kyrkja,. Dette var den tredje dugnadskonserten til inntekt for nytt orgel i Moster kyrkje, og orgelkomiteen ved Gunnvald Bjotveit kunne fortelja at den lokale innsamlinga no på det næraste har nådd målet på litt over ein million kroner. Sjå reportasje i BømloNytt her: https://www.bomlo-nytt.no/kultur/naerma-seg-innsamlingsmalet-for-nytt-kyrkjeorgel-med-dugnadskonsert/"

Attende