Vigsling og ordinasjon i Bremnes kyrkje


Sundag 19. juni vert det ei historisk kveldsgudsteneste i Bremnes kyrkje.

 

 

Sundag 19. juni vert det ei historisk kveldsgudsteneste i Bremnes kyrkje. Då kjem biskop Halvor Nordhaug og vil ordinera Laila Hansen Røksund til prest og vigsla Sissel Johanne Fylkesnes Våge til diakon.

Mange gjer teneste i gudstenesta, m.a. Svein Arne Theodorsen, prost i Sunnhordland, og sokneprestane Asbjørn Gundersen, Aksel Lygre og Fríðleif Lydersen. Kantor er Øystein Lund Olafsen, Bømlo Gospel syng. Frå leiinga i Sjømannskyrkja kjem Jan Stellef Rønningen. Frå Bispedømekontoret kjem seniorrådgjevar Vetle Karlsen Eide.

Laila Hansen Røksund har sidan 2011 vore tilsett som kyrkjelydspedagog i kyrkjene på Bømlo og gjennom desse åra vore med å lyfta kyrkjelydsarbeidet til nye høgder. Dei seinare år har Laila teke tilleggsstudie mot prestetenesta. Laila gir seg med dette som pedagog i Bømlo og vert ordinert til teneste i Sjømannskyrkja. Saknet frå kyrkjelydane på Bømlo vert stort.
Sissel Johanne Fylkesnes Våge har i nær like lang tid vore tilsett som diakoniarbeidar i Bømlo. Hennar innsats og nestekjærleik set spor blant bømlingane og ved no fullført mastergrad er det svært gledeleg at Bømlo no har sin eigen diakon.

Det vert nattverd, takkofferet vert delt mellom Sjømannskyrkja og Pilegrimsarbeidet.

Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi i kyrkja, med helsingar.

Alle er velkomne til gudstenesta og samlinga etterpå.

Bremnes kyrkjelyd og Bømlo kyrkjelege fellesråd

Attende