Bømlo kyrkjelege fellesråd > Diakoni Diakoni, Bømlo
 


Diakoni knytt til kyrkja på Bømlo

"Diakoni er kyrkja si omsorgstenesta. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaperverket og kampen for rettferd."

Nyhendearkiv for diakoniarbeidet


 

Diakonale tilbod på Bømlo:
 

Besøksteneste                                                                                                                                 

Treng du nokon som kjem innom deg eller treng du lag for å koma ut ein tur?  Då er kanskje besøkstenesta noko for deg.

 

Samlingar                                                                                                                                                  

Diakonien har ulike samlingar for dei som bur på institusjonane i kommunen. Vil du vera saman med oss, ta kontakt med diakonen for nærmare informasjon.

Me har treffkveldar/gudstenester i Bremnes kyrkje der menneske med utviklingshemming er spesielt invitert. Følg med på heimesida til kyrkja og i kalenderen.

 

Grupper                                                                                                           

Ynskjer du vera med i bibelgruppe eller andre samtalegrupper, er du interessert i miljøvern? Når me er mange nok starter me opp.

 

Samtale                                                                                                             

Treng du nokon å snakka med som har tid til å lytta då kan du ta kontakt med diakonen.
 

Sorggruppe                                                                                                                   

Det vert også sett opp sorggrupper ein gong pr år om det vert nok påmelde. 

 

Kurs/ temakveldar                                                                                                     

Det vert arrangert kurs og temakveldar med aktuelle tema.Til dømes samlivskurs. Følg med på heimesida.

 

Gudstenesta                                                                                                 

Treng du følgje eller skyss til gudstenesta, ta kontakt med diakonen på telefon 53 42 32 85 eller epost sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no

 

Me treng fleire medarbeidarar til ulike tenester                                                   

Har du tid og interesse for å bli besøksvenn eller å vera med på anna diakonalt arbeid er det fint om du tek kontakt.
 

Er noko av dette aktuelt for deg?                                                                               

Du kan treffa diakonen på telefon 53 42 32 85

Dei fleste torsdagar er ein frå diakonien tilstades på Bømlo storsenter, ved inngangen til HiSio.                   

Sissel Johanne Fylkesnes Våge
Diakoniarbeidar

 

Kontakt oss
 Bømlo kyrkjelege fellesråd
 Leirdalen 1     
 5430 Bremnes
 Telefon: 53 42 32 90
 Send e-post 
 Opnings- og telefontid: 09:00 - 15:00
Diakonarbeidar

Sissel Johanne Fylkesnes Våge

Diakonimedarbeidar
 53423285
 Send e-post
Diakoni Kalender

7. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando