Diakoni


Diakoni knytt til kyrkja på Bømlo.

Diakoni er kyrkja si omsorgstenesta. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaperverket og kampen for rettferd.

Diakonale tilbod på Bømlo:

Besøksteneste                                                                                                                                 
Treng du nokon som kjem innom deg eller treng du lag for å koma ut ein tur?  Då er kanskje besøkstenesta noko for deg.

Samlingar                                                                                                                                                  
Diakonien har ulike samlingar for dei som bur på institusjonane i kommunen. Vil du vera saman med oss, ta kontakt med diakonen for nærmare informasjon. Me har treffkveldar/gudstenester i Bremnes kyrkje der menneske med utviklingshemming er spesielt invitert. Følg med på heimesida til kyrkja og i kalenderen.

Grupper                                                                                                           
Ynskjer du vera med i bibelgruppe eller andre samtalegrupper, er du interessert i miljøvern? Når me er mange nok starter me opp.

Samtale                                                                                                             
Treng du nokon å snakka med som har tid til å lytta då kan du ta kontakt med diakonen.

Sorggruppe                                                                                                                   
Det vert også sett opp sorggrupper ein gong pr år om det vert nok påmelde. 

Kurs/ temakveldar                                                                                                     
Det vert arrangert kurs og temakveldar med aktuelle tema.Til dømes samlivskurs. Følg med på heimesida.

Gudstenesta                                                                                                 
Treng du følgje eller skyss til gudstenesta, ta kontakt med diakonen på telefon 53 42 32 85 eller epost sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no

Me treng fleire medarbeidarar til ulike tenester                                                   
Har du tid og interesse for å bli besøksvenn eller å vera med på anna diakonalt arbeid er det fint om du tek kontakt.

Er noko av dette aktuelt for deg?                                                                               
Du kan treffa diakonen på telefon 53 42 32 85
Dei fleste torsdagar er ein frå diakonien tilstades på Bømlo storsenter, ved inngangen til HiSio.                   

Sissel Johanne Fylkesnes Våge
Diakoniarbeidar