Vigsel
Ta kontakt med kyrkjekontoret 
53 42 32 80 for å avtala dag, kyrkje og tid for vigsel.

Ekteskapslova - nye endringar frå 1. oktober 2004:
Frå 1. oktober 2004 skal folkeregistra stå for prøvinga av vilkåra for å inngå ekteskap og partnarskap. Det blir også folkeregistra som skriv ut vigselattest for ekteskap som er prøvd etter dei nye reglane (27.09.04). 
Folkeregistra skal stå for prøvinga (kontrollen) av vilkåra for å inngå ekteskap og partnarskap. Vigslaren / notarius publicus skal heretter berre stå for sjølve inngåinga av ekteskapet eller det registrerte partnarskapet. Dei som skal gifte seg eller inngå partnarskap, må sende inn dei nødvendige papira til folkeregisteret der ein av partane er registrert som busett (ev. opphalds- eller utflyttingskommune). Folkeregisteret skriv og ut vigselattest for ekteskap som er prøvd etter dei nye reglane. Dette inneber m.a. at ein ved namneendring i samband med vigselen kan få det nye namnet påført vigselattesten. Skjema for prøving av ekteskapsvilkåra får de no hjå folkeregisteret. Eventuelle skjema skal sendast til folkeregisteret.

Når prøvinga er gjennomført utsteder folkeregisteret ein "prøvingsattest" som de ber folkeregisteret om å senda til kyrkjekontoret.

Bra om du tek kontakt med kyrkjekontoret og bed om å få avtalt samtale med presten som skal ha vigsla i god tid.

Spørsmål rettas til:

Anne Berit Meling Fylkesnes

 53423280
 Send e-post
Prestar

Roald Drønen

- Prest
 53423283
 95076635
 Send e-post

Asbjørn Helge Gundersen

- Prest
 53423284
 91866395
 Send e-post

Aksel Lygre

- Prest
 53423288
 91807024
 Send e-post
16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando