Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Tru:D12 Aktivitetsfestival


20. mai eller 21. mai kan alle som blir 12 år i år vera med på Aktivitetsfestival til Solgry!

Alle som blir 12 år i år vil me invitera med på Aktivitetsfestival 20. mai eller 21. mai. Meld på til den dagen som passar best. NB! Det er avgrensa plasser, maks 30 pr. dag. Dette er eit samarbeid for alle kyrkjene på Bømlo i lag.

Me reiser til leirstaden Solgry. Der kan ein vera med på mange ulike aktivitetar, blant anna gokart (dette kostar ekstra), fotball, sandvollyball, kano og minigolf.

Vår gruppe er medlem i Søndagsskulen, og me får tildelt offentleg støtte basert på talet på betalande medlem.

For dei som blir medlem i gruppa vår i Søndagsskulen kostar festivalen

kr 50,-.

Meld då inn på nettsida til Søndagsskulen: https://bidra.sondagsskolen.no/gruppevalg/

Søk opp gruppa Aktivitetsfestival

Kontingent: kr 50,-

Dersom ditt barn ikkje vil bli medlem i søndagsskulegruppa kostar det kr 200,- å vera med på Aktivitetsfestivalen.

Betaling for dette sender me eventuelt krav om til dei det vil gjelde.

Her kan du melda på til Aktivitetsfestivalen innan 11. mai:     https://www.bomlo.kyrkja.no/Påmeldinger

 

Tilbake