Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Bli med på pilgrimstur til Santiago de Compostela


8. - 16. oktober blir det pilgrimstur til Santiago de Compostela. Bli med! 

Her kan du laste med brosjyre for turen.

Pilegrimsveien til Santiago de Compostela (spansk El Camino de Santiago, galisisk O Camiño de Santiago, fransk Chemin de St-Jacques) er ein samling vandreruter  frå fleire land i Vest-Europa fram til katedralen i byen Santiago de Compostela i Nordvest-Spania. I katedralen ligg det, i følgje tradisjonen, relikviar etter apostelen Jakob.

Katedralen og byen har saman med Roma og Jerusalem vore dei viktigaste pilegrimsmåla for kristne i Europa. Den fyrste kjente pilegrim var biskop Gottskalk i 950. Ulike herberge og andre tenester vaks fram langs dei vanlegaste rutene. Pilegrimsfarten var viktig gjennom heile middelalderen, men vart vanskeleg i periodar med pest og krigar.

Tradisjonell pilegrimsvandring var i ferd med å dø ut, men har dei siste 30 - 40 årene fått ny oppsving. I 2004 var det ca. 200 000 som vandra på La Camino.



Dag 1 Reisedag Norge - Sarria
Fly til Madrid og buss vidare til Sarria. Kjem fram seint på kvelden.

Dag 2  Sarria (420 m.o.h.) - Portomarín (350 m.o.h.)  22 km   
Ved landsbyen Ferreiros er det markert at du har 100 km igjen av vandringa mot Santiago de Compostela. Denne fyrste etappen går gjennom ei rekke små landsbyar i vakkert landskap til Portomarín. 

Dag 3  Portomarín (350 m.o.h.) - Palas de Rei (565 m.o.h.)   24 km    
Landskapet er dominert av åkrar, elvar og skog. På dei mange gardane kan du sjå  typiske hórreos. Dei er bygde etter same prinsipp som våre stabbur.

Dag 4 Palas de Rei (565 m.o.h.) - Melide 15 km   
Det er stadig fleire hus og bilar, men pilegrimsvegen går for det meste gjennom jorde og skogholt. 

Dag 5  Melide- Arzúa (389 m.o.h.) 15 km     
Frå  Arzúa går turen vidare igjennom landsbyar ved navn Calzada, Calle til Rúa som betyr veg. Det er ingen tvil om at du er på El camino, pilegrimsvegen. 

Dag 6  Arzúa (389 m.o.h.) – Rúa/Pedrouzo (275 m.o.h.)  19 km. Målet nærmar seg.  

Dag 7 Rúa /Pedrouzo  (275 m.o.h.) - Santiago de Compostela (260 m.o.h.)   20 km     4-5 timer
I dag går du igjennom Lavacolla kor pilegrimane vaska seg i elva for å vere reine når dei kom til apostelen Jakob sin by. Frå toppen av Monte del Gozo kan du endelig sjå spira på katedralen i Santiago de Compostela. Vegane inn mot byen er prega av trafikkårer og forretningsbygg, men så snart du er inne i byen leier skilta deg inn i smågatene og endelig til den sagnomsuste katedralen. Du har nådd målet! Compostele, beviset på at du har gjennomført pilegrimsvandringa, får du på pilegrimskontoret ved katedralen ved å leggja fram pilegrimspass med stempel som bevis på at du har gått minst 100 km. 

Dag 8 Santiago de Compostela – Madrid
Bruk av dagen i Madrid etter eige ynskje. (rekreasjon, shopping, fotballkamp etc.)


Dag 9 Reisedag Madrid- Norge
Pris for turen: 15750. Inkludert i prisen: Reise tur/retur Bergen , buss Madrid – Sarria, hotell, frukost alle dagar, middag seks dagar, bagasjetransport og pilegrimspass. Transfer flyplassen  - Madrid er ikkje inkludert.

Påmelding til Sokneprest Roald Drønen eller diakoniarbeidar Sissel F. Våge.  
Epost: Sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no /roald.dronen@bomlo.kommune.no 
eller telefon: 99325028/95076635

 

 

Tilbake