Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Påskekonsert - Bremnes kantori


Bremnes Kantori og dirigent Jostein Molde inviterer til påskekonsert med eit variert klassisk repertoar av m.a. Mozart, Telemann og Bach.

Bremnes kantori har lang tradisjon for å arrangere eigen konsert kring påsketider. Med tidleg påske dette året, har kantoriet valt å leggje konserten i etterkant av høgtida, noko som i stor grad vil prege programmet. Den glade påskebodskapen skal proklamerast gjennom dertil eigna klassisk kyrkjemusikk i ulike former. Med på laget har kantoriet dyktige musikarar, dei fleste profesjonelle. 

Konserten blir opna og avslutta med Te Deum – den gamle lovsongen frå oldkyrkja som så mange har tonesett og sunge gjennom skiftande tider. Versjonen til opning vart komponert av Ivar Mæland til 125-årsjubileet for Bremnes kyrkje i 1994. For andre gong skal den framførast i sin heilskap, med kor, solist, trompet, fiolin - og komponisten ved orgelet.  Versjonen som avsluttar konserten, er komponert med sprudlande overskot av ein 13 år gamal W. A. Mozart! Ein fin, liten påskekantate av Buxtehude og ein galant motett av Telemann høyrer i tillegg med til verka der dei profesjonelle strykarane deltek. 
Eit par kjære påskesalmar vil bli framførte a capella av kantoriet, og forsamlinga skal også få ta del i salmesongen. 
Ivar Mæland vil framføre eit sjølvkomponert orgelstykke over ein folketone nedteikna på Bømlo, og dessutan J. S. Bach sitt festlege Preludium i Ess-dur.

Billettsal ved inngangen: Kr.200/100/400 (fam.)

Tilbake