13. desember er det igjen klart for dei tradisjonelle julekonsertane med god deltaking frå korps, kor og musikklag.
I Bremnes kyrkje søndag 13.desember kl.19.00
vil kor og korps som vanleg gje av sitt beste ved den tradisjonelle julekonserten. Bømlo Samarbeidskorps er det nye namnet på samanslutninga av korpsa i dei tre skulekrinsane Svortland, Meling og Rubbestadneset. Samarbeidet har gjeve fine resultat i seinare år, noko som utan tvil vil kome til uttrykk når dei mange instrumenta smeltar saman i vakre tonar først i konserten. Bremnes kantori deltek som vanleg i julekonserten, denne gongen med Alnæs sin vakre Julemotett til opning, etterfølgd av kjende og kjære julesongar. Bømlo Janitsjar har fleire fine stykke på programmet, og vil saman med koret og samarbeidskorpset stå for ei monumental avslutning av konserten.
Sjølvsagt blir det allsong også.
I Lykling kyrkje søndag 13.desember kl.16.00
vil arrangementet «Me syng jula inn» bli innleia med eit fint program av Våge skulemusikklag. Nokre musikantar frå korpset vil seinare i programmet få prøve seg som solistar med orgelakkompagnement. Barnekoret Lydius deltek som vanleg med sjarm og frisk song. Bømlo Folkehøgskule brukar alltid å bidra med ein stor og engasjert elevmasse ved dette arrangementet, slik også i år.
Allsongen skal også få lov å fylle kyrkjerommet.
I Moster kyrkje søndag 13.desember kl.16.00
I Bømlo kyrkje søndag 13.desember kl.19.00