Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Trygve Skaug + Bømlo Soul Children


Torsdag 3. desember inviterte Skjærgårds LIVE Sunnhordland og Star of Hope til julekonsert i Bremnes kyrkje med Trygve Skaug og Bømlo Soul Children.

Torsdag 3. desember inviterte Skjærgårds LIVE Sunnhordland og Star of Hope til julekonsert i Bremnes kyrkje med Trygve Skaug og Bømlo Soul Children.

Trygve Skaug er for tida aktuell både med juleplate og norgesturné, og på konserten sist torsdag fekk ein høyre mange fine tonar frå Trygves nye juleplate, Seine Natt Desember. Trygve Skaug er kanskje mest kjent frå bandet StMorritz som han har vert vokolast i gjennom fleire år. StMorritz har også vert ein gjennganger på NRK P1 si speleliste dei siste åra. 

Både juleevangeliet og tankar om ein stakkars herbergemann vart pressenter gjennom konserten, og med fleire fellesnummer i lag med Bømlo Soul Children vart dette ein svært flott konsert på vandringa mot jul. 

Som arrangør for konserten stod den lokale "ungdomskonsertarrangøren" Skjærgårds LIVE Sunnhordland saman med veldedighetsorganisasjonen Star of Hope.

Skjærgårds LIVE Sunnhordland ynskjer å arrangere konsertar med meining lokalt i Sunnhordland, og allereie i januar 2016 vert det nye konsert. Denne gong i Sion på Moster. Konserten er hovudsakleg rette mot ungdom, men er sjølvsagt ope for alle. 

Star of Hope er ein veldedighetsorganisasjon som har prosjekter i 14 forskjellige land. Skaug er sjølv fadder for ein gut i Manilla gjennom Star og Hope, og gjennom konserten sette han sterkt fokus på å sjå ting i perspektiv. Under kan du sjå ein video snutt at Trygve sitt møte med, og tankar rundt, fadderbarnet sitt. 


 

Tilbake