Tre flotte stemmer – på same podium
Bremnes kyrkje tysdag 15.desember kl.19.00
Billettar på Billettservice.no, telefon 815 33 333 og ved inngongen.
Pris: 250,- / 100,-
Artistane Hanne Sørvaag, Randi Tytingvåg og Britt-Synnøve Johansen slo seg for første gong saman om ein julekonsert i Stavanger konserthus jula 2010. Konserten kalla dei ”Julestjerner”. Sidan den gongen har dei kvart år samla seg på hausten for å plukke ut nye songar og øve til julekonsert. Dei vel mellom sine favorittar, og saman leikar dei seg gjennom eit allsidig program – frå tradisjonelle norske julesongar til amerikanske klassikarar.
På Bømlo er Britt- Synnøve Johansen kjend for si sterke tolking av rolla Eponine i «Les Miserables» i Moster Amfi for eit tiår sidan. Ho har hatt mange roller på Rogaland Teater og Haugesund Teater. Stor suksess gjorde ho på turne med eit Edith Piaf-program, der ho sjølv hadde omsett tekstane til Karmøy-dialekt.
Randi Tytingvåg har også hatt fleire teaterroller, men er først og fremst songar og låtskrivar. Etter jazz-studier i London, kom debutalbumet i 2004. Sidan er det blitt fleire album, til dels med svært gode kritikkar.
Hanne Sørvaag er for svært mange kjend som deltakar i «The Voice» og «Skal vi danse» på TV2. Ho har også delteke i Melodi Grand prix fleire gonger. I tillegg til å vere vokalist, er ho både tekstforfattar og komponist. Ho har gjeve ut fem album.
“Julestjerner” er ein konsert fylt med vakre trestemte vokalharmoniar, leiken musisering og ein stor dose sjarm og speleglede.
Kapellmeister og pianist er Knut Aabø, bassist er John Lilja.
