Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Ledig stilling som kyrkjetenar/teknikar i Bremnes kyrkje


Det er no ledig 12% stilling som kyrkjetenar/teknikar i Bremnes kyrkje.

Bømlo kyrkjeleg fellesråd søkjer etter kyrkjetenar/teknikar i fast stilling med tiltreding så snart som råd.
Som kyrkjetenar og teknikar er du med å legg til rette for ei best mogeleg oppleving for dei som deltek i kyrkjelege handlingar i kyrkja.
Tenesta er ikkje knytt til gravferder, men er avgrensa til gudstenester og kyrkjelege handlingar på kveld, i helger og på høgtidsdagar.

Frammøtestad er Bremnes kyrkje. Stillingsstorleiken er 12%.

 

Kyrkjetenar/teknikar inngår i teknisk gruppe i kyrkja.
- Erfaring frå styring av PA, teknisk kompetanse og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Søkjar må ha gode samarbeidsevner.
- Det er ikkje stilt krav til utdanning.
- Søkjar må være medlem av Den norske kyrkja.

 

Arbeidsoppgåver som inngår i stillinga er bland anna:
- Styre lyd, tekst og/eller video i gudstenester, vigslar m.m. saman med andre i teknikkargruppa.  
- I fellesskap med dei andre i kyrkja bidra til at kyrkja er ryddig og ser representabel ut til ei kvar tid.

 

Arbeid knytt til gudstenester, vigsler osv.
- Gå gjennom program med prest, kantor og klokkar slik at ein er førebudd på kva gudstenesta inneheld.
- Klargjere lyd, tekst m.m.
- Rigge til ekstra mikrofonar m.m. dersom det skal vera solosong osv.

- Vera med å rydde i kyrkja etter gudstenesta/arrangementet.
- Små vaktmeisteroppgåver i kyrkja etter avtale.

 

Som kyrkjetenar/teknikar har du kyrkjeverja om næraste overordna i arbeidsforholdet, men prest som arbeidsleiar i gudstenestesamanhengar.

 

For meir informasjon kontakt kyrkjeverja på 53 42 32 93 eller trygve.leigland@bomlo.kommune.no

Søknad kan sendast til e-postadressa nemnd over.

Søknadsfrist 26. februar

Tilbake