Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Konsert i Bremnes Kyrkje 18. oktober kl. 18.00


Sundag vert det religiøse folketonar i Bremnes kyrkje.

Dette konsertprosjektet vart første gong gjennomført i 2012, som eit samarbeid mellom sopranen Marianne Juvik Sæbø, hornisten og arrangøren Christian Holter og forskjellige kor. Heile programmet er samansett av norske, religiøse folketoner, både kjende og mindre kjende. Duoen ynskjer å ta publikum med inn i det nære samspelet musikarane imellom, med sine nye bearbeidingar for horn og sopran. Bremnes Kantori, med sin dirigent Jostein Molde, bidreg med folketonar frå eige repertoar. Dessutan vert det framført eit felles arrangement for kor, sopransolo og horn. Alt i alt ligg det til rette for ein intim og variert konsert.

Marianne Juvik Sæbø er utdanna i Bergen og London og jobbar som frilanssongar. Repertoaret strekkjer seg frå salmar og folketonar til kyrkjemusikk, lieder, musikalar og opera. Ho held ofte eigne konsertar, er med som solist på oppsetjingar innanfor alle dei nemnde sjangrane, og har gitt ut fem solo-cd’ar. 

Christian Holter er utdanna i Bergen og Oslo, og jobbar til dagleg i Sjøforsvarets Musikkorps (SFMK). Han har også lang erfaring som profesjonell arrangør, og har fleire gonger hatt eigenproduserte konsertprosjekt. Folketonar har vore eit hovudelement i mange av desse prosjekta. Han er også ofte solist med SFMK, blant anna i urframføringa av Craig Farr’s nye hornkonsert hausten 2012.
 
Billettsal ved inngang (200/100/400-familie)

 
 
Tilbake