På søndag vert det søndagsskule samstundes med gudstenesta i Bremnes kyrkje.
Frå søndag av startar ein opp med søndagsskule knytt til gudstenestene i Bremnes kyrkje. Gudstenesta startar med at alle er samla i kyrkja. Sidan får borna mogelegheit til å gå på søndagsskule i Bømlo kulturhus under preika.
Dette er eit nytt tilbod som vert prøvd ut framover på alle gudstenester utanom gudstenester som er spesielt retta mot born, som f.eks. utdeling av 4-årsbok.
Velkommen til gudsteneste med søndagsskule for borna.